← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane.
Kunngjort 16.06.2006 · LTI/lov/2006-06-16-25 · Finansdepartementet
Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane.
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjerast følgjande endringar:I
§ 3 skal lyde:Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen, eller i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang. Kommunestyret kan velja å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden andre og tredje punktum. Utskriving av eigedomsskatt på verk og bruk kan òg skje i tillegg til utskriving av eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang.§ 4 første punktum skal lyde:Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret.§ 5 ny bokstav h skal lyde:- Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk.
§ 7 bokstav e vert oppheva.§ 11 første ledd andre punktum vert oppheva.§ 13 første ledd første punktum skal lyde:Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1.000 av takstverdet.§ 13 første ledd femte punktum vert oppheva.II
Endringane under I blir sette i kraft straks med verknad frå og med skatteåret 2007.III
OvergangsreglarVed ikraftsetjing av endringane under I gjeld følgjande overgangsreglar:Ved utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2007 i dei kommunane som vil nytte alternativet om eigedomsskatt i heile kommunen, skal skatten vera utskriven før 1. juni 2007.Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).