← Lover

Norsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort

Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Kunngjort 29.06.2007 · LTI/lov/2007-06-29-50 · Finansdepartementet

Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:

I

§ 8 tredje ledd første punktum skal lyde:
Er det klaga på verdsetjinga, eller er verdsetjinga under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som vart sett ved likninga.
§ 18 skal lyde:
Skattekontoret skal gjeva eigedomsskattekontoret alle opplysningar det ligg inne med og som trengst til utskriving av eigedomsskatten.
§ 19 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Klaga må vera sett fram for skattekontoret, innan fristen som er nemnd i første leden.

II

Endringane under I gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid. Departementet kan gje overgangsføresegner.

Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).