← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om endringar i offentleglova
Kunngjort 16.12.2011 · LTI/lov/2011-12-16-62 · Justis- og politidepartementet
Lov om endringar i offentleglova
Endringar i følgjande lov:- Lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
I
I lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd blir det gjort følgjande endringar:§ 25 overskrifta skal lyde:Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m.§ 25 nytt fjerde ledd skal lyde:Det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve over utrekna lønn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Unntaket i første punktum omfattar ikkje opplysningar om bruttoutbetalingar. Innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan givast ved oppstilling av opplysningane i eit anna dokument.§ 26 overskrifta skal lyde:Unntak for eksamensdokument, forskingsopplysningar og fødselsnummer m.m.§ 26 nytt femte ledd skal lyde:Det kan gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.II
Lova tek til å gjelde straks.Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).