← Lover

Norsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort

Lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

Kunngjort 14.12.2012 · LTI/lov/2012-12-14-81 · Arbeidsdepartementet

Lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

Følgjande lov opphevast:
  • Lov 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68) om fri bevegelighet for arbeidstakere mv.

§ 1.

EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles. Lova gjeld bare for dei statane som til eikvar tid er tilslutta EØS-avtalen.

§ 2.

Kongen kan ved forskrift gi nærmare reglar om gjennomføringa av føresegnene i lova.

§ 3.

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 4.

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid som lova trer i kraft, blir lov 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68) om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. innenfor EØS oppheva.

Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).