← Lover

Norsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort

Lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Kunngjort 21.10.2016 · LTI/lov/2016-10-21-82 · Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lov om endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

Endringar i følgjande lov:
  • Lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte (bustøttelova).

I

I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte skal § 5 lyde:
§ 5. Krav til bustaden
Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden
  • er godkjend som bustad
  • er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang
  • har eige bad og toalett og gjev høve til matlaging, og
  • gjev høve til kvile.
Personar som av helse- eller sosialfaglege årsaker bur i eit bufellesskap utan å høyre til same husstand, kan få bustøtte på individuelt grunnlag dersom kommunen godkjenner at bustaden er eigna. Kommunen kan i vurderinga av om bustaden er eigna gjere unntak frå kvalitetskravet i første ledd bokstav b. Kommunen kan også gjere unntak frå krava i bokstav c dersom funksjonane som er nemnde der, er del av bufellesskapet elles.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).