← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om endringar i barnelova
Kunngjort 22.06.2018 · LTI/lov/2018-06-22-51 · Finansdepartementet
Lov om endringar i barnelova
Endringar i følgjande lov:- Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova).
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjer ein følgjande endringar:§ 15 andre ledd skal lyde:Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.§ 57 tredje punktum skal lyde:Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.I kapittel 10 skal ny § 85 a lyde:§ 85 a. Innhenting av opplysingar frå FolkeregisteretFolkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.II
Endringane under I tek til å gjelde straks.Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).