← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om endringar i lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i eigedomsskattelova
Kunngjort 22.06.2018 · LTI/lov/2018-06-22-75 · Finansdepartementet
Lov om endringar i lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i eigedomsskattelova
Endringar i følgjande lov:- Lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova).
I
I lov 19. desember 2017 nr. 118 om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:I Overgangsregel til § 3 og § 4 første ledd første punktum skal lyde:Kommunar som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk kan frå og med skatteåret 2019 til og med skatteåret 2024 i staden for eller i tillegg til utskriving etter § 3 skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt fastsett grunnlag.I Overgangsregel til § 3 og § 4 nytt andre ledd skal lyde:Kommunar som ikkje skriv ut eigedomsskatt på næringseigedom etter § 3, men som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk, kan i perioden nemnd i første ledd første punktum skrive ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal så langt desse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i skatteåret 2018.II
Endringane under I tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2019.Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).