← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)
Kunngjort 13.12.2024 · LTI/lov/2024-12-13-79 · Justis- og beredskapsdepartementet
Lov om endringar i våpenlova (heilautomatiserte avgjerder og endra gebyrheimel)
Endringar i følgjande lov:- Lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova).
I
I lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon vert det gjort følgjande endringar:§ 37 skal lyde:§ 37. Gebyr og utgifterFor å dekke utgiftene til våpenforvaltinga kan politiet krevje gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i eller i medhald av denne lova. Gebyret kan også omfatte naudsynte utgifter til sakkunnig bistand når sakshandsaminga krev særskild fagdugleik.§ 38 skal lyde:§ 38. Forholdet til forvaltningsloven og bruk av automatiserte avgjerderForvaltningsloven gjeld for saker etter denne lova med dei særreglane som er fastsette i paragrafen her eller i forskrift i medhald av § 41 nr. 32. Politiet kan krevje at personar stiller til intervju for å vurdere om vilkåra etter § 16 er oppfylte. Retten til klage, grunngjeving og partsinnsyn etter forvaltningsloven gjeld ikkje for saker om løyve til mellombels innførsel til jaktføremål.Politiet kan ta avgjerder i saker etter denne lova som åleine er gjorde på grunnlag av automatisert handsaming av personopplysingar, medrekna særlege kategoriar av personopplysingar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Handsaminga må trygge forsvarleg sakshandsaming og samsvare med retten til vern av personopplysingar. Avgjerda kan ikkje byggje på skjønnsmessige vilkår i lov eller forskrift, med mindre avgjerda er tvillaus. Den registrerte har rett til manuell overprøving av avgjerda.§ 41 nr. 32 skal lyde:forholdet til forvaltningsloven, medrekna sakshandsamingsreglar, reglar knytte til intervju og unnatak frå teieplikta, og bruk av automatiserte avgjerder, jf. § 38 første og andre ledd,II
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).