← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)
Kunngjort 10.04.2025 · LTI/lov/2025-04-10-8 · Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Lov om den europeiske arbeidsmarknadsstyresmakta (ELA-lova)
Endringar i følgjande lover:- Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven).
- Lov 14. desember 2012 nr. 81 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. (EØS-arbeidstakarlova).
§ 1. Gjennomføring av forordning (EU) 2019/1149
EØS-avtala vedlegg V nr. 11 (forordning (EU) 2019/1149 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtala og avtala elles.§ 2. Forskrifter
Departementet kan gi forskrift om kva for forvaltningsorgan som er ansvarlege for ulike oppgåver etter forordning (EU) 2019/1149, og om ansvarsfordelinga mellom dei.§ 3. Endringar i andre lover
Frå den tida lova tek til å gjelde, blir følgjande endringar gjorde i andre lover:1. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 1-3 a fyrste ledd lyde:EØS-avtalen vedlegg VI nr. 1 (forordning (EF) nr. 883/2004 om koordinering av trygdeordninger, som endret ved forordning (EF) nr. 988/2009, forordning (EU) nr. 1244/2010, forordning (EU) nr. 465/2012, forordning (EU) nr. 1224/2012, forordning (EU) nr. 517/2013, forordning (EU) nr. 1372/2013, forordning (EU) nr. 1368/2014, forordning (EU) 2017/492 og forordning (EU) 2019/1149) (trygdeforordningen) gjelder som lov med de tilpasningene som følger av vedlegg VI, protokoll 1 og avtalen for øvrig.2. I lov 14. desember 2012 nr. 81 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. skal § 1 lyde:§ 1.EØS-avtalen vedlegg V nr. 2 (forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar, som endra ved forordning (EU) 2016/589 og forordning (EU) 2019/1149) og vedlegg V nr. 9 (forordning (EU) 2016/589 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidlingar (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene, som endra ved forordning (EU) 2019/1149) gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles.§ 4. Iverksetjing
Lova tek til å gjelde straks.Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).