← LoverNorsk Lovtidend · Opprinnelig kunngjøring Som kunngjort
Lov om endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)
Kunngjort 20.06.2025 · LTI/lov/2025-06-20-42 · Barne- og familiedepartementet
Lov om endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)
Endringar i følgjande lov:- Lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova).
I
I lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod blir det gjort følgjande endringar:§ 2 andre og tredje ledd skal lyde:Tilbodet skal omfatte følgjande:- eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod
- eit gratis dagtilbod
- eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon
- oppfølging i reetableringsfasen i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, jf. § 4.
Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet.Noverande § 2 tredje til sjette ledd blir fjerde til nytt sjuande ledd.§ 3 første og andre ledd skal lyde:Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte. Er tilrettelegging ikkje mogleg, skal kommunen sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege tilbodet ved krisesenteret.Dei særskilde rettane til samiske brukarar skal varetakast i krisesentertilbodet.Noverande § 3 andre og tredje ledd blir tredje og nytt fjerde ledd.Nye §§ 5 a og 5 b skal lyde:§ 5 a. Behandling av personopplysningarOrgan som utfører oppgåver etter denne lova, kan behandle personopplysningar, også personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Det same gjeld private som utfører oppgåver etter denne lova.Brukarar av krisesentertilbodet kan reservere seg mot vidarebehandling av opplysningar til bruk i til dømes statistikk, analysar og forsking.Departementet kan gi nærmare reglar i forskrift om behandling av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlaransvar, kva for personopplysningar som kan behandlast, utlevering, registerføring, tilgang til register og høvet til vidarebehandling.§ 5 b. Tilgang til teiepliktige opplysningar frå FolkeregisteretOrgan som utfører oppgåver etter denne lova, kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret som er nødvendige for å utføre oppgåver etter denne lova.II
- Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene til forskjellig tid.
- Departementet kan gi overgangsreglar.
Teksten slik den opprinnelig ble kunngjort i Norsk Lovtidend — ikke gjeldende versjon. Kilde: Lovdata (NLOD 2.0).