← Lover

Lov om Norsk Lysingsblad

Lov · Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet · i kraft 1948-01-01

Lov om Norsk Lysingsblad

§ 1.

Staten gjev ut eit offentleg lysingsblad. Namnet skal vera Norsk Lysingsblad.

§ 2.

Bladet tek inn lysingar som skal eller kan kunngjerast med heimel i lov. Når embete og andre statsstillingar skal kunngjerast ledige, skal dei lysast ut i Norsk Lysingsblad dersom Kongen ikkje har fastsett noko anna.

§ 3.

Kongen fastsett reglar for bladdrifta, soleis også reglar for kva lysingar som kan takast inn i bladet.

§ 4.

Denne lova gjeld frå den dagen Kongen fastsett.1 – – –
1 Frå 1 jan 1948 iflg. res. 5 des 1947.

Kilde: Lovdata (NLOD 2.0). Server-rendret med Rust/Leptos.