← Voteringer

Forkastede forslag

Forslag som ble lagt fram i Stortinget, og som Stortinget stemte ned. Teksten er ordrett fra Stortinget. Under hvert forslag finner du lenken «Slik stemte partiene», som viser hvordan hvert parti og hver representant stemte.

Viser bare saken «Representantforslag om eit nytt Nav for å få fleire i arbeid og aktivitet». Vis alle saker

Filtrer på partiet som leverte forslaget. Der Stortingets kilder ikke oppgir de samme partiene, står forslaget under alle partiene som er nevnt:

6 forkastede forslag fra Senterpartiet.

05.03.2026 · Representantforslag om eit nytt Nav for å få fleire i arbeid og aktivitet

Forslag nr. 5 på vegne av Sp (Senterpartiet)

Stortinget ber regjeringa endre mandatet til og samansetnaden av det offentlege utvalet som skal revidere folketrygdlova. Utvalet må innan 31. desember 2026 kome med forslag om forenkling av lover og forskrifter som vedkjem dei arbeids- og helserelaterte ytingane. Samansettinga skal justerast slik at utvalet blir sikra representasjon frå brukarorganisasjonane og tillitsvalde sine organisasjonar. Ein føresetnad for forenklingsforslag er at ein samstundes styrkar det økonomiske tryggleiksnettet gjennom betre universelle ordningar for dei mottakarane som har dårlegast inntektssikring. Forenklingar må innebere at formålet med og reglane knytt til utmåling av ytinga framleis er lovfesta og ikkje fastsett i forskrifter.

FORKASTET 12 for, 89 mot · Slik stemte partiene →

05.03.2026 · Representantforslag om eit nytt Nav for å få fleire i arbeid og aktivitet

Forslag nr. 6 på vegne av Sp (Senterpartiet)

Stortinget bed regjeringa justere mandatet til ekspertgruppa som skal gjennomgå Nav slik at dei greier ut minst ein modell der dagens arbeids- og velferdsetat blir delt i ein pensjons- og trygdeetat, og ein arbeids- og aktivitetsetat som kan få ansvaret for mellombelse ytingar som dagpengar, tiltakspengar, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og overgang til uføretrygd. Målet med ny organisering er realisering av Nav si kjerneoppgåve med å få folk i arbeid og aktivitet.

FORKASTET 12 for, 89 mot · Slik stemte partiene →

05.03.2026 · Representantforslag om eit nytt Nav for å få fleire i arbeid og aktivitet

Forslag nr. 1 på vegne av Sp (Senterpartiet)

Stortinget ber regjeringa greie ut og gjennomføre ei deling av dagens arbeids- og velferdsetat (Nav) i éin pensjons- og trygdeetat og éin arbeids- og aktivitetsetat. Arbeids- og aktivitetsetaten skal ha ansvaret for mellombelse ytingar som dagpengar, tiltakspengar, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og overgang til uføretrygd.

FORKASTET 7 for, 93 mot · Slik stemte partiene →

05.03.2026 · Representantforslag om eit nytt Nav for å få fleire i arbeid og aktivitet

Forslag nr. 2 på vegne av Sp (Senterpartiet)

Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei tillitsreform der den nye arbeids- og aktivitetsetaten gir statleg tilsette ved Nav-kontora vedtaksmynde i saker som gjeld den mellombelse ytinga arbeidsavklaringspengar (AAP). Overføring av vedtaksmynde til Nav-kontora for andre arbeids- og helserelaterte ytingar må vurderast.

FORKASTET 7 for, 93 mot · Slik stemte partiene →

Med er voteringer der Stortinget stemte over selve forslaget. Forslag som falt i en alternativ votering mot komiteens innstilling, er ikke med, fordi dataene ikke sier entydig hvilken side voteringen gjelder. De ligger under Voteringer. Kilde: Stortingets åpne data, under NLOD 2.0.