
Foto: Stortinget
Jenny Klinge
Senterpartiet · Tidligere stortingsrepresentant
Ingen registrerte voteringer siden 09.10.2025.
Følg politikeren og få et ukentlig e-postsammendrag når noe endrer seg. Gratis.
Vi sender en innloggingslenke som bekrefter e-postadressen. Avmelding i hvert brev.
Partihistorikk
- 2021SenterpartietStortinget 2021-2025Stortinget
- 2017SenterpartietStortinget 2017-2021Stortinget
- 2013SenterpartietStortinget 2013-2017Stortinget
- 2009SenterpartietStortinget 2009-2013Stortinget
Fra Avdekks partiregister. Ingen offentlige registre fører partibytter i perioden, så vi registrerer dem med kilde, og politikerens eget svar går foran. Alle partibytter og åpne data →
Valgt til Stortinget
- 2021-2025
- 2017-2021
- 2013-2017
- 2009-2013
Spørsmål til regjeringen
14 spørsmål. Viser de 14 nyeste.
Kan statsråden orientere om, og eventuelt korleis, det i arbeidet med dei nordiske og nasjonale kosthaldsråda i HOD, Helsedirektoratet eller andre underliggande organ/forvaltning har vore brukt ekstern kommunikasjonsrådgiving i utforminga av den faglege og/eller politiske bodskapen i perioden 2017-2025?
Spørsmålet
Kan statsråden orientere om, og eventuelt korleis, det i arbeidet med dei nordiske og nasjonale kosthaldsråda i HOD, Helsedirektoratet eller andre underliggande organ/forvaltning har vore brukt ekstern kommunikasjonsrådgiving i utforminga av den faglege og/eller politiske bodskapen i perioden 2017-2025?
Begrunnelse
Utforming av kosthaldsråda skal vera prega av faglege vurderingar, men fag og forsking er heile tida under utvikling og gjenstand for (faginterne og offentlege) debattar. Det ligg sjølvsagt også politikk i både dei nordiske og dei nasjonale kosthaldsråda.
Det er ein politisk dimensjon ved bodskapen kring eksisterande kosthaldsråd, og ved arbeidet med og bodskapen om kosthaldsråd som er under utvikling. Samt ved nye kosthaldsråd som myndigheitene skal orientere om.
Offentleg pengebruk til eventuelle kommunikasjonsbyrå eller andre eksterne krefter som bidreg til utforminga av bodskap/kommunikasjon/argumentasjon er eit tema i seg sjølv. Det er også interessant å vita korleis helsemyndigheitene går fram når dei utformar den bodskapen som dei skal bruke i møte med andre aktørar i ulike prosessar som gjeld kosthaldsråda. Dessutan korleis helsemyndigheitene går fram når dei skal informere og/eller delta i debatt offentleg om tematikken kosthaldsråd, både medan slike råd er under utvikling og når det føreligg ferdige kosthaldsråd for ein periode.
Svar fra helse- og omsorgsministeren · 08.10.2025
Dei nyaste nordiske ernæringsråda (NNR) vart publiserte i 2023, og dannar det vitskaplege grunnlaget for dei nasjonale næringsstofftilrådingane og matbaserte kosthaldsråda i Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige og dei baltiske landa. Arbeidet med NNR var eit reint vitskapleg arbeid, og openheit var viktig i prosessen. Det vart gjennom heile arbeidet lagt opp til omfattande høyringar av bakgrunnsartiklar og kapitla i NNR, både gjennom fagfellevurderingar og frå næringa, forbrukarar og andre interessentar. Det var likevel viktig å skilje det vitskaplege arbeidet med NNR frå direkte påverknad frå næringsinteresser og politiske interesser. Også uavhengigheit blant forskarane som deltok i det vitskaplege arbeidet var svært viktig, og dei som deltok måtte signere ein uavhengigheitserklæring.
I Noreg er det Helsedirektoratet som har ansvar for å utarbeide nasjonale kostråd. Dei norske kostråda vart lanserte i august 2024. Desse er utelukkande baserte på samanhengen mellom kosthald og helse. I tillegg er det publisert ein artikkel på nettsidene til Helsedirektoratet om korleis ein kan ta klimahensyn innan kvart av råda, utarbeidd av Miljødirektoratet med bakgrunn i NNR.
For å utforme dei nye kostråda nytta Helsedirektoratet ein kunnskapsbasert tilnærming. NNR 2023 utgjorde det vitskaplege forskingsgrunnlaget for kostråda. I tillegg er utforminga av råda basert på eit innsiktsarbeid som inkluderer klinisk erfaring og brukarerfaring. Det vart sett ned ei prosjektgruppe i Helsedirektoratet for revideringa av kostråda. Prosjektgruppa bestod av tilsette med kompetanse innan ernæring og kommunikasjon.
For å få betre innsikt i forståing, behov og bruk av kostråda blant befolkninga og andre aktørar, gjennomførte Helsedirektoratet eit omfattande innsiktsarbeid. Innsiktsarbeidet vart utført av Opinion, som leverte ein endeleg rapport til Helsedirektoratet. Arbeidet inkluderte både kvantitative og kvalitative undersøkingar i eit representativt utval av befolkninga og relevante grupper av helsepersonell og andre faggrupper. Helsedirektoratet nytta rapporten i arbeidet med å formulere forståelege og brukarvenlege kostråd. I tillegg var kostråda ute på offentleg høyring våren 2024. Alle høyringsinnspela er publiserte på helsedirektoratet.no.
Helsedirektoratet har ikkje nytta ekstern kommunikasjonsrådgiving i utforminga av kostråda, eller til førebuing av debattinnlegg, pressehenvendingar m.m. For å auke kjennskapen til dei nye kostråda gjennomførte Helsedirektoratet ein reklamekampanje i vekene etter lansering. Helsedirektoratet nyttar vanlegvis eksterne medie- og reklamebyrå til brei ekstern kommunikasjon. Desse bistår med kjøp av medieplassering og bidreg til å lage kampanjar. Det faglege innhaldet er alltid styrt direkte av Helsedirektoratet.
Vil statsråden ta initiativ til regelendringar for bruk av billys som tener til betre trafikksikkerheit og som er mindre til ulempe for møtande trafikantar?
Spørsmålet
Vil statsråden ta initiativ til regelendringar for bruk av billys som tener til betre trafikksikkerheit og som er mindre til ulempe for møtande trafikantar?
Begrunnelse
I 2018 kom det nye reglar for bruk av billys. I praksis vart ein del restriksjonar oppheva som hindra at møtande trafikantar fekk uforhaldsmessig sterkt lys - og for høgt stilt lys - mot augene. Desse restriksjonane var etter mitt syn veldig fornuftige med tanke på trafikksikkerheita, men òg for å hindre unødvendig ubehag og forsterka helseproblem for andre trafikantar.
Det er mange med normalt syn som òg slit med dei sterke og/eller høgt stilte lysa som mange bilar no etter 2018 køyrer med, og med nye lystypar som har vorte tekne i bruk (som gir kaldare lys, slik eg forstår det). For dei som er lyssensitive og som får meir smerter av sterkt lys, til dømes forsterka migrene, er det ei direkte ulempe. Det kan skape stort ubehag, forstyrre synet medan dei køyrer og såleis hindre somme i å køyre bil i mørket – eller bidra til at dei ikkje fungerer optimalt som sjåførar.
Eg håpar statsråden vil sjå nærare på denne problematikken og koma til Stortinget med framlegg til regelendringar knytt til billysbruk som kan tene både til betre trafikksikkerheit og mindre ubehag for møtande trafikk.
Svar fra samferdselsministeren · 03.10.2025
God lysutrusting er eit viktig trafikktryggingstiltak. Det gir føraren høve til å oppdage personar og dyr som ferdast på eller langs vegen, og gjer dessutan at ein enklare kan sjå tilstanden på vegen og eventuelle andre hindringar som gir grunn til å avpasse køyrefarten. Sjølv om moderne lysutrusting er avansert, er det ikkje til å komme bort i frå at den under enkelte omstende kan gi ein blendande effekt mot andre trafikantar. Reglane både for godkjenning og bruk, søkjer å vareta desse omsyna.
Statens vegvesen er kjend med at mange trafikantar opplever blending frå billykter som eit aukande problem, og dei følger utviklinga tett gjennom regelverks- og trafikktryggleiksarbeid. Blending kan vere problematisk, særleg ved feilinnstilling, ettermontering eller mangelfullt vedlikehald. Det tekniske blir difor fulgt opp både ved periodisk kjøretøykontroll (EU-kontroll) og ved utekontroller utført av Statens vegvesen. Bruken av billys er ei trafikantatferdssak som blir fulgt opp av politiet.
Den originale lysutrustinga på køyretøyet, mellom anna nærlys og fjernlys, er for dei aller fleste køyretøya omfatta av ei EU-typegodkjenning – som Noreg er forplikta til å godta gjennom EØS-avtalen. I internasjonale ekspertgrupper som set krava til EU-typegodkjenning, der også Noreg deltek, ser ein kontinuerleg på forbetringsområde. Statens vegvesen opplyser at det pågår diskusjonar rundt blendande nærlys, dvs. lysintensitet og fargesamansetning. Men det er for tidleg å seie om dette vil resultere i endra reglar. Det er dessutan slik at bilprodusentane heile tida jobbar aktivt med å forbetre køyretøya, og det gjeld også lysutrustinga.
Hausten 2018 vart den nasjonale regelen for montering av ekstra fjernlys endra slik at det ikkje lenger er nokon avgrensing i talet på lykter og styrken på desse. Intensjonen var å betre sikta for førar, spesielt på vegar utanfor tettbygd strøk utan vegbelysning, og dessutan å ha eit enklare regelverk. Dette var også ei tilpassing i høve til svensk regelverk som ikkje hadde tilsvarande avgrensingar som i Noreg. Dette må likevel sjåast i samanheng med regelen i trafikkreglane § 15 nr. 2 om at «fjernlys må ikkje nyttast slik at annan trafikant blir blenda».
Statens vegvesens opplyser at dei ikkje er kjent med at denne endringa har ført til auka utfordringar med blending.
Kven meiner statsråden hadde klagerett på Fiskeridirektoratet si handsaming av salet frå dåverande Aker Biomarine til American Industrial Partners av aksjar og fiskerirettar, og meiner statsråden at desse partane framleis kan påklage avgjerda?
Spørsmålet
Kven meiner statsråden hadde klagerett på Fiskeridirektoratet si handsaming av salet frå dåverande Aker Biomarine til American Industrial Partners av aksjar og fiskerirettar, og meiner statsråden at desse partane framleis kan påklage avgjerda?
Begrunnelse
I sitt svar på det skriftlege spørsmålet mitt av 4. september i saka, skriv statsråden at vedtaket om sal «vart ikkje påklaga, og departementet har såleis aldri fått saka på sitt bord til ordinær handsaming». Eg forstår svaret som at det finst partar som hadde klagerett på vedtaket og som førebels ikkje har nytta denne. Om så er tilfellet er det viktig at statsråden avklarer kven dette er og om ein klagerett framleis er gjeldande.
Svar fra fiskeri- og havministeren · 23.09.2025
Kven som har klagerett er regulert i forvaltningslova § 28: «Enkeltvedtak kan påklages av en part eller annen med rettslig klageinteresse i saken.» I saka om eigarendringar er det Aker BioMarine Antarctic AS (nå Aker Qrill AS) som har klagerett som part.
Om det er andre i saka som har klagerett i kraft av å ha rettsleg klageinteresse utan å vere part, har ikkje departementet vurdert. Dersom det er aktørar som meiner eller lurar på om dei har rettsleg klageinteresse i ei sak utan å vere part, har dei høve til å be forvaltningsorganet som har gjort vedtaket (Fiskeridirektoratet i saka om eigarendringar) om å ta stilling til dette.
I saka om eigarendringar i Aker BioMarine Antarctic AS har spørsmålet om rettsleg klageinteresse likevel ikkje lenger praktisk interesse, då fristane for klagehandsaming har løpt ut. Eg viser her til forvaltningslova § 31 siste ledd: «Klagen kan ikke tas under behandling som klagesak dersom det er gått mer enn ett år siden vedtaket ble truffet.» Eg viser vidare til forvaltningslova § 29 andre ledd andre punktum: «Ved vedtak som går ut på å tilstå noen en rettighet, skal klagefristen for andre likevel senest løpe ut når det er gått 3 måneder fra det tidspunkt vedtaket ble truffet.» Departementet legg til grunn at aktørar i fiskerinæringa har relevant kunnskap om dette regelverket.
I den aktuelle saka om eigarendringar har departementet som kjent likevel på eige initiativ valt å sjå nærare på saka og har i den samanheng hatt møte både med parten Aker BioMarine Antarctic AS og med ein annan krillaktør, Rimfrost AS.
Kva er grunnen til at NFD har brukt snart eit år på å handsame ei sak om sal av krillkonsesjonar som Fiskeridirektoratet på si side brukte tre verkedagar på?
Spørsmålet
Kva er grunnen til at NFD har brukt snart eit år på å handsame ei sak om sal av krillkonsesjonar som Fiskeridirektoratet på si side brukte tre verkedagar på?
Begrunnelse
Fiskeridirektoratet brukte i juni 2024 tre verkedagar på å handsame søknaden frå Aker Biomarine om sal av ein kontrollerande del av selskapet si krillverksemd til det amerikanske investeringsfondet American Industrial Partners. I august 2024 fekk NFD for første gang saka på sitt bord, og departementet har sidan hatt transaksjonen til vurdering.
Så seint som i juni i år sendte departementet fleire spørsmål til advokatane til det som no heiter The Qrill Company. Svarfristen var så lang som til den 5. september. Dette tyder på at ei avgjerd i saka enno ligg eit stykkje fram i tid.
Direktoratet si raske handsaming sett opp mot departementet si lange handsamingstid gir grunn til bekymring for dei av oss som er opptekne av å sikre norske interesser i krillfisket. Slik eg vurderer saka, er det grunn til å frykte at denne noko merkelege prosessen kan vera til ulempe for andre norske krillinteressentar. Uavhengig av kva konklusjon departementet kjem fram til, er både direktoratet og departementet si handsamingstid kvar på sitt vis uheldig. Det reiser spørsmål om kvaliteten på direktoratet si handsaming. Samstundes er det uforståeleg for meg at departementet har drege ut sakshandsaminga så mykje, gitt sakas innhald og problematikken kring deltakarlova, samt at både eg og andre stortingsrepresentantar har etterlyst politiske vurderingar kring saka og problematikken frå NFD i mange månader allereie. Det framstår som om NFD ikkje har teke saka på alvor når dei no mellom anna har venta i trekvart år med å stille spørsmål som burde vore stilt tidleg i prosessen, og når det attpåtil ligg føre ein så lang svarfrist.
Svar fra fiskeri- og havministeren · 11.09.2025
Den aktuelle saka som departementet for tida ser på, gjeld eigarendringar i selskapet Aker BioMarine Antarctic AS, ikkje sal av krillkonsesjonar.
Fiskeridirektoratet godkjende 3. juli i fjor dei aktuelle eigarendringane i selskapet Aker BioMarine Antarctic AS. Dette vedtaket vart ikkje påklaga, og departementet har såleis aldri fått saka på sitt bord til ordinær handsaming. Eigarene kunne difor gjennomføre eigarendringane i medhald av vedtaket frå Fiskeridirektoratet.
Som kjent har det likevel i etterkant vore relativt stor merksemd rundt transaksjonen og om usemja mellom Aker BioMarine Antarctic AS og eit anna krillselskap, Rimfrost AS. Dette er ein del av bakgrunnen for at departementet på eige initiativ i ettertid har funne grunn til å sjå nærare på omstenda rundt eigarendringane. Dette arbeidet tek departementet på alvor, men det vil ta tid og på ordinær måte skje i dialog med parten i saka, Aker BioMarine Antarctic AS.
Så lenge saka er i prosess i departementet, kan eg ikkje kommentere innhaldet i ho.
Statsråden skriv i sitt svar til meg 30. juni om krillfiske i Antarktis at "departementet fann ikkje grunn til å ha innvendingar mot at direktoratet behandla søknaden om løyve til spesifisert nybygg på vanleg måte". Innhaldet i søknaden og definisjonen av "spesifisert nybygg" er av interesse. Var departementet og Fiskeridirektoratet i søknaden frå Aker BioMarine informerte om at denne søknaden gjaldt for eit spesialbygd fartøy for Rimfrost og Rimfrost sin teknologi, knytt til krillkonsesjonen som var tildelt Rimfrost?
Spørsmålet
Statsråden skriv i sitt svar til meg 30. juni om krillfiske i Antarktis at "departementet fann ikkje grunn til å ha innvendingar mot at direktoratet behandla søknaden om løyve til spesifisert nybygg på vanleg måte". Innhaldet i søknaden og definisjonen av "spesifisert nybygg" er av interesse.
Var departementet og Fiskeridirektoratet i søknaden frå Aker BioMarine informerte om at denne søknaden gjaldt for eit spesialbygd fartøy for Rimfrost og Rimfrost sin teknologi, knytt til krillkonsesjonen som var tildelt Rimfrost?
Begrunnelse
Det fartøyet Aker/The Qrill Company søkjer om løyve knytt til er jo reint faktisk eit fartøy dei skal byggje om til noko anna. Etter mitt syn er dette noko anna enn eit "spesifisert nybygg", men det er dette statsråden kaller det når ho viser til at NFD ikkje har hatt innvendingar mot at sjølve ervervsløyvet kunne skje på vanleg måte. Det er altså enno eit ope spørsmål om definisjonen "spesifisert nybygg" er gyldig for det aktuelle skipet som Aker har kjøpt og seinare delt i to.
I praksis er situasjonen no slik at eit utanlandsk-kontrollert selskap er i ferd med å få monopol på utnyttinga av norske krillressursar i Antarktis. Dette er slik eg ser det, og som nemnt før, i strid med deltakarlova. Ei viktig side ved dette er at ny teknologi med ei mykje meir berekraftig hausting av ressursane ikkje vil bli teken i bruk på det omtalte skipet.
Dette er også slik, eg forstår det, i direkte strid med det som var avgjerande då Rimfrost vart tildelt konsesjon. Rimfrost vart då vurdert som den beste søkaren ut frå «hvordan hensynet til miljø og hensynet til innovasjon, forskning og utvikling har blitt ivaretatt.»
At norske fiskeriressursar no kjem under utanlandsk kontroll, er i seg sjølv særs bekymringsfullt og må handsamast politisk. For å sikre sterk norsk representasjon i Antarktis bør styresmaktene også bidra til at meir enn ein aktør kan delta i fisket. Dette var også ein føresetnad da konsesjonane blei utlyst. Når departementet gjer sine politiske vurderingar kring både krillkonsesjonar og ervervsløyve, er det ein viktig føresetnad at alle relevante opplysningar har kome fram.
Svar fra fiskeri- og havministeren · 08.07.2025
Departementet var godt kjend med usemja mellom Rimfrost AS og Aker BioMarine Antarctic AS om det aktuelle nybygget då vi samtykte i at direktoratet kunne handsame søknaden om løyve til spesifisert nybygg på vanleg måte. Denne usemja gjeld mellom anna privatrettslege høve som ikkje har vore avgjerande for departementet si vurdering. Departementet vurderte i det heile saka som godt nok opplyst til å kunne gje direktoratet nødvendig samtykke.
Når det gjeld eigarendringane i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som Fiskeridirektoratet godkjende 3. juli i fjor, så har departementet som kjend i etterkant teke ei avgjerd om å sjå nærare på dei, og vi arbeider framleis med dette. Då dette såleis er ei pågåande sak i departementet, kan eg ikkje kommentere innhaldet i saka nærare.
Viser til statsrådens tidlegare svar på spørsmål eg leverte 28/2 og 26/5 i år om krillfiske i Antarktis. Statsråden opplyste først i sitt svar til meg 4/6 at Fiskeridirektoratet så tidleg som 28/2 hadde gjeve ervervsløyve. Eg har no vorte kjent med at Fiskeridirektoratet i eit førebels svar den 20/1 opplyste at søknaden om ervervsløyve var sett på vent på grunn av ei avgjerd i NFD. Kva var årsaka til at søknaden først vart sett på vent og deretter at Fiskeridirektoratet vel fem veker seinare kunne godkjenne den?
Spørsmålet
Viser til statsrådens tidlegare svar på spørsmål eg leverte 28/2 og 26/5 i år om krillfiske i Antarktis. Statsråden opplyste først i sitt svar til meg 4/6 at Fiskeridirektoratet så tidleg som 28/2 hadde gjeve ervervsløyve. Eg har no vorte kjent med at Fiskeridirektoratet i eit førebels svar den 20/1 opplyste at søknaden om ervervsløyve var sett på vent på grunn av ei avgjerd i NFD.
Kva var årsaka til at søknaden først vart sett på vent og deretter at Fiskeridirektoratet vel fem veker seinare kunne godkjenne den?
Begrunnelse
Statsråden har i fleire månader vist til at spørsmålet kring løyve til krillfiske i Antarktis og forholdet til deltakarlova er noko departementet ser nøye på og tek på alvor. No har det kome fram at NFD i januar ba Fiskeridirektoratet sette saka på vent, men at direktoratet så seint i februar likevel kunne gi ervervsløyve til Aker. Det framstår såleis som om det har vore gjort ei politisk vurdering allereie i januar og februar som statsråden ikkje har opplyst Stortinget om trass i gjentekne spørsmål om saka både frå meg og andre. Slik eg ser det, er dette ervervsløyvet i strid med intensjonen i nettopp deltakarlova og eg meiner NFD burde gripe inn. No viser det seg at NFD brukte politisk handlingsrom allereie i vinter gjennom beskjeden dei gav til Fiskeridirektoratet om å avvente svaret til søkar. Det er viktig å få vita om det enno er eit politisk handlingsrom og i så fall også politisk vilje til å omgjera avgjerda.
Svar fra fiskeri- og havministeren · 30.06.2025
Departementet har på grunn av saka om eigarendringar i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS hatt behov for å bli halde orientert av Fiskeridirektoratet om enkelte andre søknadsprosessar knytta til krill, og å stanse saksbehandlinga i Fiskeridirektoratet midlertidig. Når det gjeld behandlinga av søknaden om løyve til spesifisert nybygg, så orienterte Fiskeridirektoratet departementet om mottaket av søknaden. Saka vart deretter stansa midlertidig, men departementet fann ikkje grunn til å ha innvendingar mot at direktoratet behandla søknaden om løyve til spesifisert nybygg på vanleg måte.
Når det gjelder eigarendringane i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som Fiskeridirektoratet godkjente 3. juli i fjor, så har departementet som kjent i etterkant beslutta å sjå nærmare på saka, og vi arbeider framleis med dette. Sidan dette er ei pågåande sak i departementet, kan eg ikkje kommentere innhaldet i saka no.
Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?
Spørsmålet
Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?
Begrunnelse
Eg har fått kjennskap til at fleire aktørar gjennom dialog med departementet har fått inntrykk av at Fiskeridirektoratets saksbehandling av erverv av fartøyet Jan Mayen ikkje ville bli sluttbehandla før departementet sjølv hadde vurdert om transaksjonen mellom Aker Biomarine og AIP er i tråd med deltakarlova. Trass i dette viser bilete frå verftet i Tersan slik eg har fått opplyst at skipet er teke på land av Aker Qrill og delt på midten. Eg kan ikkje finne eit formelt vedtak frå Fiskeridirektoratet som skulle rettferdiggjera ein slik operasjon.
Dersom det mot formodning er gjeve eit slikt ervervsløyve i strid med signal frå departementet, framstår det som om det oppstår eit monopol i krillfisket i praksis. Det er i tillegg ein risiko for at desse ressursane de facto blir kontrollert at eit selskap som ikkje er eigd i Norge, noko som er stikk i strid med intensjonen i deltakarlova. Eg ønskjer derfor at statsråden avklarer både kva som er faktum i saka og korleis den vidare saksbehandlinga vil vera.
Svar fra fiskeri- og havministeren · 04.06.2025
Eg går ut frå at representanten i sitt spørsmål siktar til ei sak der Fiskeridirektoratet 28. februar 2025 tildelte ervervsløyve og krill-løyve til spesifisert nybygg for Aker BioMarine Antarctic AS, seinare The Qrill Company AS, til erstatning for tidlegare løyve til nybygg. Frist for iverksetjing av vedtaket er sett til 31. desember 2026.
Dette vedtaket byggjer på ein søknad frå Aker BioMarine Antarctic AS til Fiskeridirektoratet som deretter orienterte departementet om søknaden før den vart handsama. Departementet har ikkje hatt innvendingar mot at direktoratet har handsama denne søknaden om erstatningsløyve til nybygg og fatta vedtak 28. februar 2025, sjølv om departementet samtidig ser nærare på dei eigarendringane i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som Fiskeridirektoratet godkjende i fjor sommar. Ettersom saka om eigarendringar er ei pågåande sak i departementet som vert handsama i medhald av forvaltningslova og anna relevant regelverk, kan eg ikkje gje ytterlegare kommentarar, korkje om prosess eller innhaldet i saka.
I 2022 vart det forbode å bruke tilsetningsstoffet titandioksid i mat. Stoffet kan forstyrre funksjonen til arvematerialet vårt og såleis vera kreftframkallande. Framleis blir det likevel brukt i medisinar, også i medisinar som mange tek mykje av, som Paracet og Ibux. Vil helseministeren gjera noko for å bidra til at det blir teke ei raskare avgjerd om å fremme alternativ til titandioksid i legemiddel, som å legge press på Direktoratet for medisinske produkt for å få saka behandla raskare?
Spørsmålet
I 2022 vart det forbode å bruke tilsetningsstoffet titandioksid i mat. Stoffet kan forstyrre funksjonen til arvematerialet vårt og såleis vera kreftframkallande. Framleis blir det likevel brukt i medisinar, også i medisinar som mange tek mykje av, som Paracet og Ibux.
Vil helseministeren gjera noko for å bidra til at det blir teke ei raskare avgjerd om å fremme alternativ til titandioksid i legemiddel, som å legge press på Direktoratet for medisinske produkt for å få saka behandla raskare?
Begrunnelse
14. august 2022 skreiv NRK.no dette i artikkelen «Stoffet er nå forbudt i mat – men fortsatt tillatt i Paracet og Ibux»:
«I Norge brukes titandioksid i over 700 legemidler. Det brukes for å gi hvit farge, i tillegg til å beskytte mot UV-stråler som kan trenge inn og bryte ned virkestoffene. Stoffet finnes blant annet i reseptfrie midler som Paracet, Ibux og Viagra.
Magasinet Vi omtalte EFSAs konklusjon tidligere i sommer.
Tore Midvedt, spesialist i medisinsk mikrobiologi, mener bruken burde forbys på samme måte som i mat.
– Det er ikke tvil om at titandioksid i medisin er like farlig som i mat, sier han.
Selv om mengden av stoffet er mindre i medisiner, kan konsentrasjonen av titandioksid lokalt i tarmen bli høy, ifølge professoren. Det kan ha skadelig effekt på cellene som er i deling, og potensielt føre til kreft.»
Vidare frå den nemnte artikkelen i NRK:
«EFSA-rapporten viser også at tilsetningsstoffet kan føre til betennelse i tarmen. 40.000 nordmenn sliter med inflammatoriske tarmsykdommer.
– Jeg mener at det ikke er etisk greit å bruke dette i legemidler. Tarmproblemer gir ekstremt mye plager, men er veldig nedprioritert, sier ernæringsbiolog Marit Kolby.»
Bruken av titandioksid i mat og i medisin blir regulert av ulike regelverk og styrt fra EU. Norske helsemyndigheiter bør gjera sitt beste for å påverke og påskunde viktige prosessar både nasjonalt og internasjonalt som kan bety noko for helsa til nordmenn. Bekymringane kring at bruken av stoffet kan skade helsa er tilstrekkeleg begrunna til at det er forbode i mat frå 2022. Det same føre var-prinsippet må gjelde for medisinar òg.
Svar fra helse- og omsorgsministeren · 04.04.2025
Som et føre-var-tiltak har det europeiske organet for matsikkerhet (EFSA) innført forbud mot titandioksid i mat. EFSA publiserte en omfattende rapport om bruk av titandioksid i mat i 2021. De konkluderte med at det ikke er vist at titandioksid i mat gir sykdom. Samtidig kunne ikke studiene utelukke at titandioksid muligens kan skade DNA, og føre til helseskader som kreft. Det var derfor ikke mulig å fastsette hvilke mengder titandioksid som er trygt å bruke i mat.
Fordi det ikke kan utelukkes at titandioksid kan gi helseskade, har EU som et sikkerhetstiltak bestemt at titandioksid ikke lenger skal brukes i mat. De internasjonale matsikkerhets-organene i Verdens helseorganisasjon, USA, Canada, Storbritannia og New Zealand har i motsetning til EFSA konkludert med at titandioksid trygt kan brukes i mat.
Titandioksid brukes som hjelpestoff i mange legemidler, men i svært små mengder. Titandioksid har mange viktige egenskaper, blant annet å beskytte virkestoffet mot lys så det ikke inaktiveres, og bidra til at tabletter løses opp. I tillegg brukes det til å farge tabletten eller kapselen hvit, men det er ikke den viktigste egenskapen. Titandioksid har vært brukt i tusenvis av legemidler i mange tiår uten påvist helseskade. Legemidler gjennomgår omfattende undersøkelser og testing før de blir godkjent til bruk i Norge og EU. I tillegg overvåkes alle legemidler så lenge de er i bruk, for å sikre at nytten er større enn risikoen.
Mengden titandioksid man får i seg ved å ta tabletter er liten sammenlignet med det man får via mat. De fleste voksne får i seg 200 - 1100 mg titandioksid per dag via mat. Til sammen-likning tilsvarer dette et inntak av 120 - 2200 tabletter daglig. Daglig anbefalt dose Paracet er maks 8 tabletter og Viagra 1 tablett. Det er for øvrig bare en liten andel av titandioksid i legemidler som suges opp i tarmen. Størstedelen av titandioksid skilles ut uendret i avføringen.
EU og det europeiske legemiddelbyrået (EMA) undersøker om det er mulig å fase ut titandioksid som hjelpestoff i legemidler. Det er ikke angitt noen tidslinje for dette arbeidet. Foreløpig er det ikke funnet gode nok alternativer som kan erstatte titandioksid sine egenskaper i legemidler uten at det går utover legemidlets kvalitet, sikkerhet og effekt.
En utfasing av titandioksid vil omfatte svært mange legemidler, og kreve omfattende undersøkelser og testing av de berørte legemidlene. I tillegg vil legemidlene måtte gjennomgå ny evaluering for godkjenning av regulatoriske myndigheter.
Dersom det blir besluttet å fase ut titandioksid i legemidler, er det viktig at denne prosessen gjennomføres på en kontrollert måte slik at vi unngår leveringsvansker og mangel på legemidler. En slik omlegging vil antakelig pågå i minst 10 år og føre til økte legemiddelpriser.
I Europa er det om lag 90 000 godkjente legemidler til mennesker som inneholder titandioksid. Et forbud mot titandioksid i legemidler vil føre til mangel på mange viktige legemidler som for eksempel antibiotika og legemidler mot diabetes.
Den potensielle risikoen knyttet til bruk av titandioksid i legemidler må veies mot de store helseproblemene som kan oppstå ved krav om en rask utfasing av titandioksid som hjelpestoff.
Franske myndigheiter innfører krav retta mot restaurantnæringa. Denne skal måtte tydeleggjera overfor restaurantkundane kva mat som inneheld reine råvarer og kva som eventuelt også inneheld ultraprosesserte varer av det som står på menyen/blir servert. Meiner landbruks- og matministeren at tiltaket er aktuelt å gjennomføre her til lands òg?
Spørsmålet
Franske myndigheiter innfører krav retta mot restaurantnæringa. Denne skal måtte tydeleggjera overfor restaurantkundane kva mat som inneheld reine råvarer og kva som eventuelt også inneheld ultraprosesserte varer av det som står på menyen/blir servert.
Meiner landbruks- og matministeren at tiltaket er aktuelt å gjennomføre her til lands òg?
Begrunnelse
Viss nordmenn vender tilbake til eit meir råvarebasert kosthald, vil det vera sunt for folkehelsa. Det vil også fremme norsk matproduksjon og matberedskap dersom mindre av maten nordmenn kjøper er importert halv- eller heilfabrikata og mindre ultraprosesserte varer blir konsumert.
Mange som bestiller mat på restaurant veit ikkje om at noko av maten kan vera ultraprosessert. Såleis kan dei ikkje velje denne bort dersom dei ønskjer det, og får heller ikkje nødvendig informasjon dersom maten inneheld stoff dei reagerer på og prøver å halde seg unna. Franske myndigheiter har dette tiltaket, som eg legg ved lenke til, som eg meiner bør vera aktuelt å gjennomføre her til lands òg.
Det vil vera positivt for å synleggjera kva restaurantar som tek matlaging på alvor og kva restaurantar som i praksis tek potensielt helseskadelege snarvegar på vegne av no uvitande kundar.
https://www.euronews.com/culture/2023/10/28/home-or-readymade-french-restaurants-forced-to-reveal-food-sources?fbclid=IwY2xjawJLzEJleHRuA2FlbQIxMQABHfPJdn1SBrFYCAvu6LoJbTztJn8YH0VJ3COVNkMx0z3IhLH-cjaXerTcpQ_aem_tqVXdbKUfaMHj_dfNj9raA
Svar fra landbruks- og matministeren · 02.04.2025
Jeg har fått oversendt spørsmålet til representant Klinge fra landbruks- og matministeren, da kosthold og regelverket det her er snakk om knyttet til matinformasjon, ligger innenfor mitt ansvarsområde.
Høsten 2024 lanserte Helsedirektoratet nye kostråd, hvor det gis råd om å velge hele råvarer av fisk, frukt, grønnsaker eller kjøtt. Videre gis det råd om å velge produkter med et høyt innhold av fullkorn, magre meieriprodukter, og å begrense inntaket av bearbeidet mat med mye mettet fett, salt eller sukker innenfor matvaregrupper hvor det er god nok dokumentasjon for dette. Det gis imidlertid ingen egne anbefalinger eller råd om ultraprosessert mat. Helsedirektoratet vurderer at graden av bearbeiding ikke nødvendigvis sier noe om maten er sunn eller ikke. Mange av matvarene som Helsedirektoratet anbefaler å begrense inntaket av kan, i henhold til noen definisjoner, anses som ultraprosessert mat. Basert på kunnskapsgrunnlaget kostrådene er utarbeidet fra (hovedsakelig de nordiske ernæringsanbefalingene fra 2023), vurderer Helsedirektoratet at det ikke er vitenskapelig grunnlag for å gi anbefalinger om ultraprosessert mat og at anbefalinger for et sunt kosthold bør settes sammen basert på mer egnede kriterier.
Det finnes ingen definisjon i internasjonalt eller norsk regelverk av begrepet ultraprosessert mat, men mange av problemstillingene som ofte reises i forbindelse med ultraprosessert mat, dekkes i gjeldende regelverk for mat. Regelverket om merking av mat krever at informasjon om mat skal være korrekt, gi tilstrekkelig informasjon og ikke villede. Det er også krav om å opplyse om allergener i produkter og retter, for at forbrukere med allergier og intoleranser skal kunne ta valg som er trygge for dem. Disse kravene må restaurantene følge når de opplyser om matretter i menyer og i dialogen med forbrukere.
Helsedirektoratet vurderer at kunnskapsgrunnlaget om ultraprosessert mat ikke er entydig på at ultraprosessering er en hensiktsmessig måte å differensiere matvarer på.
I tillegg til å følge gjeldende regelverk på matområdet, er det, som for annen produksjon av mat, viktig å ta hensyn til målsetningene i kostholdspolitikken når man tilbereder mat på restaurant. Blant annet bør man tenke på at maten man serverer bør inneholder mindre salt, sukker og mettet fett samt mer fullkorn, frukt, grønnsaker, fisk og sjømat.
Dersom vi skal nå målet om auka sjølvforsyning, må vi som eit absolutt minimum sikre at den no brakklagte matjorda kan og vil bli teken i bruk igjen. Vi bør også hindre attgroing der dette er i startfasen. Kva for konkrete tiltak - i eller utanfor rammene av jordbruksavtalen - meiner statsråden bør gjennomførast for å sikre at den brakklagte matjorda igjen kan takast i bruk til produksjon av mat?
Spørsmålet
Dersom vi skal nå målet om auka sjølvforsyning, må vi som eit absolutt minimum sikre at den no brakklagte matjorda kan og vil bli teken i bruk igjen. Vi bør også hindre attgroing der dette er i startfasen.
Kva for konkrete tiltak - i eller utanfor rammene av jordbruksavtalen - meiner statsråden bør gjennomførast for å sikre at den brakklagte matjorda igjen kan takast i bruk til produksjon av mat?
Begrunnelse
Matjorda vi har tilgang på i dag er ofte resultat av nordmenns strev og slit gjennom mange generasjonar. Dessverre gror mange flekkar med matjord att i løpet av få år. Det hastar å sikre at brakklagt jord ikkje gror att for å unngå å miste tilgang til mykje verdifullt areal som kan brukast til auke norsk matproduksjon og sjølvforsyningsgraden vår. Dette handlar om areal som etter attgroing både vil vera tidkrevande og dyrt å sette i stand til matproduksjon igjen, og som såleis også vil vera udugeleg i beredskapssamanheng.
Det beste er å få jorda i drift igjen til matproduksjon ved å stimulere til nettopp bruk. Også andre verkemiddel for å halde matjorda open til framtidig matproduksjon kan og bør vurderast. Eg ser for meg at dette hovudsakleg bør vera verkemiddel som er retta mot jordbruket og grunneigararne/gardbrukarane sjølve. Det kan likevel gjerne også vurderast verkemiddel retta mot andre aktørar der dette kan vera aktuelt og nyttig for å sikre føremålet om å halde brakklagt matjord i hevd. Poenget er uansett at det hastar med å gjennomføre eit krafttak for å bruke/sikre denne jorda til framtidig matproduksjon.
Svar fra landbruks- og matministeren · 28.03.2025
Regjeringen la i mars 2024 fram sin strategi for økt selvforsyning av jordbruksvarer (Meld. St. 11 (2023–2024)). Hovedstrategien som ligger til grunn for regjeringen sitt arbeid med økt selvforsyning, er å forbedre og øke produksjon av planteprodukter, både til mat og fôr, på en måte som styrker jordbruket sin konkurransekraft mot import. Det viktigste bidraget fra regjeringen til å sikre norsk jordbruk og matproduksjon er gjennom de årlige jordbruksforhandlingene.
I vedtak 850 i Innst. 448 S (2023–2024) ble regjeringa bedt om å utrede en tiltakspakke for å redusere jordbruksareal som er ute av drift, fram mot jordbruksoppgjøret i 2025. Staten legger fram sitt tilbud i jordbruksoppgjøret i starten av mai, etter at jordbruket har fremmet sitt krav. Stortingets vedtak vil bli fulgt opp i statens tilbud i jordbruksoppgjøret.
I jordbruksoppgjøret 2024 ble partene enige om å sette av 5 mill. kroner til å prøve ut et teigbasert tilskudd, eller lignende, i Nord-Norge. Formålet er å teste ut ordninger som kan bidra til å hindre gjengroing av areal. Landbruksdirektoratet har fått oppdraget og er godt i gang med arbeidet. Utprøvingen skal gjennomføres i utvalgte kommuner i Nord-Norge, og innenfor en ramme på 5 mill. kroner, som skal utbetales i 2025. Det er opprettet en referansegruppe med aktuelle instanser, blant annet partene i jordbruksoppgjøret. Landbruksdirektoratet skal rapportere om resultatene av prosjektet til avtalepartene før jordbruksoppgjøret 2026.
Utenfor jordbruksavtalen er jordvernet og driveplikten de viktigste redskapene vi har for å hindre brakklegging av matjord. Disse er det kommunene som forvalter, innenfor rammene Stortinget har fastsatt.
Vil helseministeren gå inn for å forenkle måten utfylling og innsending av krav om dekning av pasientreiser kan gå føre seg på i praksis, med sikte på at folk faktisk kan få det dei har krav på utan uforhaldsmessig mykje prakk?
Spørsmålet
Vil helseministeren gå inn for å forenkle måten utfylling og innsending av krav om dekning av pasientreiser kan gå føre seg på i praksis, med sikte på at folk faktisk kan få det dei har krav på utan uforhaldsmessig mykje prakk?
Begrunnelse
Når pasientar har møtt til time for undersøking eller behandling, blir det så vidt eg forstår registrert i systemet og burde kunne finnast att inne på Helsenorge-nettsida når ein loggar inn der. Men når ein går inn i «pasientreiser» på Helsenorge for å få att pengar, må ein sjølv fylle inn kva datoar reiserekningane skal gjelde for.
Gitt at mange som skal ha att pengar for nettopp pasientreiser er sjuke menneske, og pengane dei skal ha att er noko dei har krav på å få att, er det ikkje urimeleg at systemet legg opp til at det er enklast mogleg å få att desse pengane. Altså at dei skal sleppe å måtte finne ut sjølve kva datoar dei har møtt til timar, når dette kan løysast på anna vis. Det vil derfor vera føremålstenleg og enklast dersom timar ein allereie har møtt til kjem opp automatisk på ei liste når ein loggar inn på Helsenorge-nettsida.
Dessutan burde det vera mogleg enkelt å søkje om å få dekt ein minstetakst utrekna på grunnlag av reiser frå folkeregistrert adresse til behandlingsstaden. Dette burde vera eit enkelt alternativ der ein kunne godta minstetakst utan å måtte fylle inn noko meir. Legane bør for kvar oppmøtt time kunne krysse av for om ein har rett til å køyre sjølv/bli køyrt, slik at ein får ein minstetakst basert på kilometeravstand i dei tilfella (helst også ferje og bom) og busstakst viss ikkje. Slik vil mange som no slit med å fylle ut skjema eller som ikkje har tid til dette - og mange som no gir heilt opp å søkje, enkelt få dekt nettopp ein minstetakst. Ei slik enkel løysing må ikkje koma i staden for andre forenklingar i opplegget for å levere krav om dekking av pasientreiser sjølvsagt.
Eg har tidlegare etterspurt om det er mogleg å levere forenkla reiserekning for pasientreiser ved at ein kan søkje om dette samtidig som ein betaler for timar på betalingsautomat der ein har vore til undersøking eller behandling, jamfør skriftleg spørsmål stilt i 2021: Dokument nr. 15:1128 (2020-2021)
Det er ønskeleg at helseministeren i svaret sitt oppdaterer meg om kva som eventuelt har skjedd av forbetringar og forenklingar sidan då, og om løysinga eg skisserte då kan vera aktuell å vurdere igjen no, samt om framlegga over er aktuelle. Eg håpar statsråden vil påskunde fleire forenklingar, sidan det ikkje er godt nok det som finst i dag.
Svar fra helse- og omsorgsministeren · 17.03.2025
Helse- og omsorgsdepartementet har vært i kontakt med Pasientreiser HF for å få redegjort for gjeldende relevant regelverk med tilhørende praksis for de forhold stortingsrepresentanten er opptatt av. Det er også gitt orientering om løpende utviklingsarbeid for å forbedre pasientreiseordningen for pasientene.
Pasientreiser HF har vedtaksmyndighet for søknader om reisestøtte. I 2024 ble det gjennomført 3,14 millioner slike reiser fordelt på 345.000 unike brukere.
Totalt ble det sendt inn 1,1 millioner søknader og utbetalt 430 millioner kroner til de som søkte. 91 % av alle søknadene ble mottatt digitalt, via Helsenorge, og 64,1 % av alle vedtak ble fattet automatisk.
Siden 2021 har søknadsprosessen for reisestøtte og fagsystemet som behandler disse søknadene vært kontinuerlig forenklet ifølge Pasientreiser HF. De opplyser at tiltak for å forbedre løsningene er basert på konkrete innspill fra brukerne og at disse tiltakene har gitt positive resultater. Kravet til dokumentasjon er generelt sett redusert for både pasienter og behandlere, språket er forenklet, og forvaltningspraksis for blant annet reisevei er forbedret. Effektene av dette arbeidet er en jevn økning i andelen søknader som mottas elektronisk og andelen vedtak som fattes automatisk. Dette har redusert både saksbehandlingstid og antallet klager på søknader om reisestøtte.
Målbildet på pasientreiseområdet sier at ordningen skal være enkel og tilgjengelig for pasientene. For utviklingen av søknader om reisestøtte er dette formulert som at brukere skal gi og få svar digitalt, og få umiddelbart svar hvis det ikke er behov for skjønn. Videre at rettigheten utløses automatisk.
Det finnes i følge Pasientreiser HF ikke i dag et enhetlig nasjonalt register med informasjon om at pasienter har møtt til behandling i Norge. For å kontrollere oppmøter benytter de registre som er utarbeidet for andre formål, henholdsvis NPR (Norsk pasientregister) og KUHR (Kontroll og utbetaling av helserefusjoner). Dette begrenser muligheten for å kunne presentere en helhetlig liste med behandlingssteder- og datoer for pasienten når de logger seg inn på Helsenorge.
Helseforetaket er imidlertid i dialog med Norsk helsenett SF som drifter Helsenorge.no om muligheten for å få informasjon om oppmøter fra andre tjenester på deres plattform. Helse Sør-Øst RHF er allerede ute med å lansere løsninger der slike tjenester er integrert mot IT-systemet DIPS Arena. Ulike aktører i primærhelsetjenesten har allerede tatt tjenesten i bruk. Med en slik tjeneste kan pasienter som søker om å få standard kilometersats (minstetakst) for reisen få støtte bare ved å bekrefte at reisen var fra folkeregistrert adresse til behandlingsstedet. Distanseberegning finnes allerede som en del av ordningen i dag.
Helsenorge utvikler plattformen basert på et veikart som søker å koordinere ulike aktiviteter på tvers av ulike interessenter. Pasientreiser sine interesser er ivaretatt i mange områder av dette veikartet, slik at alle parter er oppmerksomme på mulighetene for å forenkle pasientreiseområdet ettersom utviklingen tillater det.
Pasientreiser HF har ingen konkrete planer om å innføre en løsning hvor det kan søkes om reisestønad fra betalingsautomater på behandlingssteder.
Jeg vil avslutningsvis understreke at det er viktig at de regionale helseforetakene og Pasientreiser HF er åpne for innspill fra brukere og at det kontinuerlig arbeides med å videreutvikle og automatisere behandlingen av søknader om reisestøtte. Jeg mener vi fortsatt må jobbe for å forenkle, standardisere og integrere tilganger til nødvendige data. Dette vil sikre oss en pasientreiseordning som fungerer godt for pasientene, og som understøtter de mål vi har for både spesialisthelsetjenesten og primærhelsetjenesten.
Gitt at statsråden er samd i at Deltakarlova sin intensjon er å forebygge konsentrasjon av eigarskap og rettigheiter hos enkeltaktørar og å unngå at norske ressursar hamnar på utanlandske hender, korleis ser ho på den aktuelle problematikken kring konsesjonar til krillfiske i Antarktis?
Spørsmålet
Gitt at statsråden er samd i at Deltakarlova sin intensjon er å forebygge konsentrasjon av eigarskap og rettigheiter hos enkeltaktørar og å unngå at norske ressursar hamnar på utanlandske hender, korleis ser ho på den aktuelle problematikken kring konsesjonar til krillfiske i Antarktis?
Begrunnelse
Fiskeridirektoratet har gjeve sju konsesjonar til krillfiske i Antarktis. Tre av desse konsesjonane er i bruk i dag. Alle desse, samt ein som enno ikkje er teken i bruk, høyrde til Aker Biomarine AS. I fjor var både fartøy og konsesjonar selde til eit nytt selskap der amerikanske American Industrial Partners har kontrollen. Det betyr at alle operative konsesjonar er under utanlandsk kontroll. Nærings- og fiskeridepartementet har no ei sak til vurdering der dette salet skal vurderast i forhold til deltakarlova.
Selskapet Rimfrost har to konsesjonar som mellom anna vart gjeve for å sikre teknologisk mangfald i haustemetodane. Desse er førebels ikkje tekne i bruk. Men eit skip for å nytte ny teknologi, med betre ressursutnytting og lågare klimaavtrykk er bestilt. No framstår det som Aker også vil nytte opsjon på dette skipet og nytte det med dei eksisterande fangstmetodane for sin fjerde konsesjon. Det vil i så fall gje dei ein endå meir dominerande posisjon, og kunne bremse teknologiutviklinga på dette området.
I praksis er situasjonen dermed slik at eit utanlandsk-kontrollert selskap i dag er i ferd med å få monopol på utnyttinga av norske krillressursar i Antarktis. Dette er slik eg ser det i strid med deltakarlova. At norske fiskeriressursar no er under utanlandsk kontroll er i seg sjølv særs bekymringsfullt, og må handsamast politisk. For å sikre sterk norsk representasjon i Antarktis bør styresmaktene også bidra til at meir enn ein aktør kan delta i fisket. Som kjent var dette også ein føresetnad da konsesjonane blei utlyst.
Svar fra fiskeri- og havministeren · 07.03.2025
Deltakarlova skal mellom anna bidra til at inntektene frå fiske på norske løyve og kvotar kjem norske statsborgarar til gode. Det er særleg nasjonalitetskravet i deltakarlova § 5 som medverkar til dette, mellom anna ved å stille krav om 60 prosent norsk eigarskap i selskap som skal drive ervervsmessig fiske og fangst. Eg er glad for at det synest å vere brei politisk semje om at slike grunnleggjande føresegner i deltakarlova skal liggje fast.
Fiskeriforvaltninga bruker ein god del ressursar på å kontrollere at nasjonalitetskravet i deltakarlova vert etterlevd, både ved handsaming av søknadar om tildeling av løyve og godkjenning av eigarendringar etter deltakarlova, og ved løpande kontroll av om regelverket vert etterlevd. Det er i fleire saker behov for å undersøkje nærare ikkje berre det formelle eigarskapet i reiarlaga, men også kven som har den reelle makta over selskapet, og kven som finansierer verksemda. Dette kan ofte vere tidkrevjande og komplekse saker.
Det er riktig som representanten peikar på at departementet ser nærare på ei tidlegare godkjend eigarendring i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS, men eg har ikkje trekt konklusjonar enno. Ettersom dette er ei pågåande sak i departementet, kan eg ikkje gje ytterlegare kommentarar.
Foreldre og elevar som ikkje støttar Pride, eller som ikkje har tatt stilling til saka og som derfor ikkje ønskjer å markere ho, må likevel godta flagging med Pride-fane på skular der kommunane eller rektor gjennomfører dette, Dette handlar om ytringsfriheit, om retten både til å ytre seg og til ikkje å ytre seg. Meiner statsråden at det å ønske at markeringar av meiningar og politiske haldningar skal vera frivillige, og å vera mot tvang i tilfellet Pride, er det same som å ville forby folk å feire kjærleik?
Spørsmålet
Foreldre og elevar som ikkje støttar Pride, eller som ikkje har tatt stilling til saka og som derfor ikkje ønskjer å markere ho, må likevel godta flagging med Pride-fane på skular der kommunane eller rektor gjennomfører dette, Dette handlar om ytringsfriheit, om retten både til å ytre seg og til ikkje å ytre seg.
Meiner statsråden at det å ønske at markeringar av meiningar og politiske haldningar skal vera frivillige, og å vera mot tvang i tilfellet Pride, er det same som å ville forby folk å feire kjærleik?
Begrunnelse
Evna hos leiande politikarar til å tenkje prinsipielt om demokratiske verdiar og rettar som ytringsfriheit er vesentleg for å oppretthalde desse verdiane og rettane. Samfunnet vårt har gått timilssteg framover i retning aksept av homofili dei siste tiåra, noko som er positivt både for dei homofile og for samfunnet som heilskap. Mange av oss som støttar kampen for mangfald og aksept er imidlertid skeptiske til Pride fordi denne rørsla har fleire problematiske sider ved seg i tillegg til det som dei aller fleste kan støtte; det som gjeld kjærleik og toleranse. Og veldig mange har ein prinsipiell inngang til dette: at ytringsfriheit både handlar om retten til å ytre noko og til ikkje å ytre noko.
No ser vi ei utvikling i samfunnet som går motsett veg av toleranse og respekt for andre. Dette skjer ved at vi som meiner det må vera frivillig å feire Pride og/eller som har innvendingar til ideologien bak blir stempla som intolerante og hatefulle utan grunn. Vener blir altså gjort til fiendar, og frivilligheit blir erstatta meir og meir med parade- og flaggingstvang. Det blir skapt ein falsk motsetnad mellom dei "gode" som er for tvang og dei "vonde" som meiner markeringar må få vera frivillig. Den 6. juni sa Jaffery dette til NRK radio som ein kommentar til at Ålesund kommune skulle avgjera om skulane skulle flagge eller ikkje:
"Regjeringa for eksempel skal jo feire med Pride. Og eg meiner det at i 2024 bør vi ha kome lenger enn at vi driv og forbyr folk å feire kjærleik."
Eg meiner det er skummelt polariserande når mange i Pride-rørsla og til og med ein statsråd uttaler seg etter ein så tydeleg svart-kvitt-tankegang. Det er ingen grunn til å laga eit oss-mot-dei-samfunn basert på kven som er for tvang eller ikkje. Og det er i alle fall ikkje grunn til å utrope dei som er for tvang til dei moralske vinnarane.
Kampen for toleranse og mangfald gjekk godt framover før Pride kom inn i biletet. No kan den strenge peikefingeren som blir retta mot oss som ikkje vil innordne seg ein bestemt måte å markere på bli det største hinderet mot vidare framgang i homokampen. For slik stempling og fordømming verkar polariserande. Polarisering avlar ekstremisme og det er det siste vi nordmenn treng, uansett legning.
Svar fra kultur- og likestillingsministeren · 18.06.2024
Jeg er enig i representanten om at debatten omkring flagging med prideflagg har blitt polarisert. Jeg synes vi alle har et ansvar for å motvirke polarisering, også vi som politikere har et ansvar, spesielt i spørsmål som handler om å gi mennesker trygghet og mulighet til å være seg selv. Jeg kjenner ikke igjen at «frivillighet blir erstatta meir og meir med parade- og flaggingstvang». Jeg vil understreke at det selvfølgelig er helt frivillig å flagge eller gå i parade. Dersom noen opplever det som en parade- og flaggingstvang vet ikke jeg hvor den forståelsen kommer fra.
Representanten mener at pridebevegelsen har flere problematiske sider ved seg. Det hadde vært interessant å få vite mer konkret hva representanten mener med dette utsagnet, og om representanten sikter til de skeive organisasjonene.
I så fall har jeg respekt for at representanten kan være uenig i hele eller deler av de skeive organisasjonenes vedtatte politikk. Det er riktignok en misoppfatning av representanten hvis hun tror det er slik at de skeive organisasjonene eier eller har enerett på prideflagget, og at dersom man f.eks. heiser flagget eller markerer pride på andre måter må stå inne for alt av de skeive organisasjonenes vedtatte politikk. Dette har organisasjonene gjentatte ganger selv vært helt tydelige på i den offentlige debatten om flagging og pride.
Prideflagget er et symbol, og som med alle andre former for symboler vil det være forskjell på hva folk legger i det. Det norske flagget er et eksempel på dette. Det norske flagget har flere ganger aktivt blitt brukt av nynazistiske og rasistiske grupperinger. Det har ikke hindret meg i å flagge med det norske flagget f.eks. på 17. mai.
Når skoler, barnehager, næringsbygg eller andre velger å flagge med prideflagget i juni, forstår jeg det slik at de ønsker å vise at man står sammen for likeverd, mangfold og inkludering. Det synes jeg er positivt, og dette er verdier som regjeringen setter høyt. Jeg håper og tror at flertallet av oss også setter disse verdiene høyt i vårt samfunn.
Og la det være helt klart: Når skoler eller barnehager velger å heise prideflagget eller markere pride, så er det med utgangspunkt i skolens læreplanverk og barnehagens rammeplan.
Rammeplanen sier at barnehagen skal fremme likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn. Jeg anser at det å heise regnbueflagget og markere pride fungerer som et viktig bidrag inn i dette arbeidet.
Utover dette så er det å heise prideflagget en måte å vise solidaritet og støtte til skeive. Skeive er en gruppe som historisk sett har blitt diskriminert, usynliggjort, sykeliggjort og kriminalisert. Og vi er ikke i mål når det kommer til likestilling og inkludering av skeive. Heiser vi prideflagget viser vi at vi vil fortsette å vise støtte til skeive og for kampen som gjenstår.
I løpet av den siste måneden har vi sett en økning i hat mot skeive på sosiale medier, trusler under pridearrangement, nedriving og brenning av prideflagg. Dette skaper utrygghet blant skeive. Vi vet at grupper som utsettes for slikt ender opp med å vegre seg eller blir totalt fraværende fra den offentlige debatten. Dersom representanten virkelig er opptatt av å ivareta ytringsfriheten i demokratiet vårt vil jeg oppfordre representanten til å ta til motmæle mot hatet skeive utsettes for.
Avslutningsvis vil jeg si at jeg er uenig i representantens analyse om at kampen for toleranse og mangfold gikk godt fremover før pridemarkeringer kom inn i bildet.
I år er det 50 år siden første gang kamp for skeives rettigheter ble markert i Oslo. På det tidspunktet, i 1974, ble homofili fortsatt sett på som en diagnose. En sykeliggjøring av folks seksualitet og kjærlighet. Det var ikke mulig for skeive å inngå hverken partnerskap eller ekteskap. Det fantes ikke diskrimineringsvern for skeive. Det har siden 1974 vært flere pridemarkeringer rundt omkring i Norge og jeg er glad for at det bare blir flere.
Jeg tror at pridemarkeringer har bidratt til at det er bedre å være skeive i Norge enn for 50 år siden. Representanten skriver at hun støtter kampen for mangfold og aksept. Derfor håper jeg hun faktisk mener dette og vil være med på at det skal bli enda bedre å være skeiv i Norge.
Det kjem ein del henvendelsar frå ulike delar av landet om reglane og føringane kring boligbygging. Det blir vist til distriktsuvenlege argument for avslag på søknader om frådeling av tomter, og også at statsforvaltaren i ulike fylke ser ut for å ha noko ulik praksis når dei handsamar klagesaker. Har statsråden formeiningar om dette og om korleis ein best skal sikre at kommunane og statsforvaltarane kjenner til og forvaltar reglane til det beste for lokalsamfunna?
Spørsmålet
Det kjem ein del henvendelsar frå ulike delar av landet om reglane og føringane kring boligbygging. Det blir vist til distriktsuvenlege argument for avslag på søknader om frådeling av tomter, og også at statsforvaltaren i ulike fylke ser ut for å ha noko ulik praksis når dei handsamar klagesaker.
Har statsråden formeiningar om dette og om korleis ein best skal sikre at kommunane og statsforvaltarane kjenner til og forvaltar reglane til det beste for lokalsamfunna?
Begrunnelse
Eg har eit døme frå Molde kommune der ein søknad om frådeling av ei tomt vart avslått saman med nokre grunngivingar som verkar veldig spesielle. (Det gjeld 453/1 Vølvegen 4.)
Det blir i avslaget vist til merknad frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som skreiv dette: Boligeiendommer uten tilknytning til landbruket, isolert frå annen bustad og viktige funksjoner som skole og butikker, er nevnt som «randbosetting» langs hovedvegene. Denne typen fradeling og boligbygging kan over tid resultere i et utbyggingsmønster i strid med kommuneplanen, mer spredd bosetting langs hovedvegen (…). For den omsøkte boligtomten er det ikke tilrettelagt for trygg ferdsel for myke trafikanter fram til viktige funksjoner som barnehage, skole og butikker. Vi er i utgangspunktet negative til denne typen fradelinger.»
Vidare står det frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:
«Tiltaket vil ikkje føre til nedbygging av matjord. Med umiddelbar nærleik til landbruksareal, så er det likevel særs pårekneleg med støv-, støy- og luktutfordringar for framtidige bebuarar.»
Dette er berre utdrag. For dei aller fleste av oss som har vakse opp på landet og/eller bur der, er det jo ikkje sett på som verken uvanleg eller uønskeleg med aktivitet frå bønder rundt oss. Og dersom ein bygger eller kjøper hus rett vel landbruksareal, må ein jo pårekne slik aktivitet, med tilhøyrande støy og lukt til tider. Eg forstår at statsforvaltaren ikkje nødvendigvis ser sjarmen med møkkaspreiing på våren, men eg meiner dette ikkje på nokon måte kan gjerast til eit argument mot at folk skal kunne leva og bu i nærleiken av aktive bønder.
Sidan det er viktig korleis kommunar og statsforvaltarar kjenner til og vurderer reglane og føringane frå regjeringa, er det fint å få ei utgreiing frå statsråden om korleis departementet jobbar med dette temaet.
Svar fra kommunal- og distriktsministeren · 22.11.2023
Eg takkar representant Klinge for spørsmålet.
Regjeringa ønskjer å styrke busettinga i heile landet. Vi ønskjer å leggje til rette for meir bustadbygging i område med liten befolkningstettleik. Regjeringa og eg er opptekne av lokaldemokratiet og lokalt handlingsrom for kommunane. Det inneber at kommunane skal få økt handlefridom når det gjelder kor i kommunen nye bustadar skal kunne byggjast.
Dersom Molde kommune ønskjer å opne for frådeling til bustadformål, kan kommunen mellom anna gi føresegn i kommuneplanen som legg til rette for spreidd bygging i område sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål. Dei folkevalde i kommunane må i sine vurderingar ta heilskaplege omsyn til lokale tilhøve, regionale interesser og ulike nasjonale føringar i til dømes statlege planretningslinjer for samla bustad-, areal-, og transportplanlegging. I dei reviderte statlege planretningslinjene, som skal sendast på høyring i år, vil eg vurdere å leggje betre til rette for bustadbygging i distriktsområde med lågt utbyggingspress, lågt folketal eller negativ befolkningsutvikling. I desse områda ønskjer eg at kommunane skal ha handlefridom når det gjeld kvar i kommunen nye bustader skal byggjast. Retningslinjene skal støtte ei utvikling av levedyktige lokalsamfunn. Både statsforvaltarane og fylkeskommunane skal leggje desse retningslinjene til grunn ved medverknaden til det kommunale planarbeidet.
I grunngivinga til spørsmålet er det vist til ei konkret dispensasjonssak for frådeling av tomt til bustadformål på ein landbrukseigedom i Molde kommune. Når det gjeld saker om frådeling viser eg generelt til at landbruksinteresser skal ha fortrinn i område som er sett av til landbruks-, natur- og friluftsformål. Det er òg slik at plan- og bygningslova byggjer på eit prinsipp om at arealendringar skal skje ved ein planprosess i kommunen, og ikkje gjennom enkeltvise dispensasjonar frå vedtekne arealplanar. Bakgrunnen er at dispensasjonar kan gjere ei heilskapleg arealdisponering og samordning av sektorinteresser vanskelegare. Dispensasjon er likevel ein ventil som kan nyttast i særskilde tilfelle der kommunen finn ut at det ligg til rette for det og vilkåra i lova er oppfylt. Statsforvaltaren skal vere varsam med å overprøve avgjerder som ligg til det lokalpolitiske skjønnet, men i enkeltvedtak om dispensasjon etter plan- og bygningslova skal dei likevel bidra til rettstryggleik, likebehandling og at nasjonale og viktige regionale interesser ikkje blir vesentleg tilsidesette. Etter det som er opplyst til departementet er det ikkje treft eit endeleg vedtak frå forvaltinga i den konkrete saka i Molde kommune. Det er derfor ikkje naturleg at eg kommenterer denne saka.
Historikk
Verv, standpunkt og løfter på én tidsakse. Dette er den journalistiske posten: den bevares uendret, også når politikeren endrer mening, og kan ikke redigeres av politikeren.
- 2021–2025Valgt til Stortinget
- 2017–2021Valgt til Stortinget
- 2013–2017Valgt til Stortinget
- 2009–2013Valgt til Stortinget
- 1975Født
Er dette deg? Opprett en konto og rediger profilen din på Min side →
Kilde: Stortingets åpne data, via PostgreSQL. Server-rendret med Rust/Leptos.